Gudstenesteplan sommar 2020

Under vil du finne ein oversikt over gudtenestene i sommar. Grunna smittevernsrestriksjonar og antal så vil vi i sommarferien nytte Langevåg kyrkje til gudsteneste på søndagar. Under alle kyrkjelege handlingar (gudteneste/dåp, vigsel, gravferd) så er det påkrevd at vi framleis fører namneprotokoll og vi ynskjer å informere om dette her...

Gudstenesteplan sommar 2020

Gudstenester i sommar

Søndag 05.07.20 kl. 11.00 - Langevåg kyrkje - Dåp og nattverd

Søndag 12.07.20 kl. 11.00 - Langevåg kyrkje - Dåp og nattverd

Søndag 26.07.20 kl. 11.00 - Langevåg kyrkje - Dåp og nattverd

Søndag 02.08.20 kl. 11.00 - Langevåg kyrkje - Dåp og nattverd

Søndag 09.08.20 kl. 11.00 - Langevåg kyrkje - Dåp og nattverd

Søndag 16.08.20 kl. 11.00 - Langevåg kyrkje - Dåp og nattverd

Søndag 23.08.20 kl. 11.00 - Langevåg kyrkje - Dåp og nattverd

 

Nye smittevernsrestriksjonar
Det blei frå 15.07.20 opna for å være 200 stk. under kyrkjelege handlingar. Dette med framleis skjerpa fokus på øvrige smittevernsreglar som handdesinfisering, 1-meters avstand, unngå klemming og handhelsing, unngå køar og samanstimling samt at ein bør halde seg heime om ein ikkje kjenner seg iform. Vær ute i god tid for å få plass. Tilsette i kyrkja syter for desinfisering jamnleg.

Føring av namneprotokoll
Ordninga med namneprotokoll er eit pålegg frå myndigheitene i høve evt. smittesporing. Denne lista blir sletta etter 10 dagar. Vi vil informere om at vi no i sommar nytter sms eller underskift ved føring av namneprotokoll. 

Sms 
Når ein kjem til kyrkja så sender ein i kvar husstand sitt fulle namn (fornamn + etternamn) i lag med samla tal for husstanden. Eks.: Ola Nordmann 4 - til mobilnr. 408 48 923.

NB: Det er viktig at ein viser at ein har sendt sms til kyrkjeverten i døra slik at dei får registrert antall. 

For å unngå kø-dannelse ynskjer vi gjerne at ein nytter denne tenesten. 

Underskrift
Skulle ein ikkje ha med seg telefonen i kyrkja så er det mogleg å bli ført opp på eit protokoll skjema i døra. Kyrkjeverten vil då skrive ned ditt fulle namn + telefonnummer på denne lista. Er de fleire i samme husstand så blir de ført opp saman med dette namnet. (Namn, telefonnr. + antal)

Velkomen til kyrkja i sommar!
Velsigna GOD SOMMAR!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"